tirsdag 24. september 2013

Hartvig Kiran


Hartvig Kiran, kringkastingsmann, gjendikter, visevenn og lyriker. I 40 år var stemma hans å høre i NRK, i reportasjer og lyrikkprogram. Han gjendikta Shakespeare, Brecht og musikaler for Det Norske Teatret.

Hartvig Kiran var fødd i Ålesund 3. november 1911 og døydde i Oslo 15. august 1978. Han tok latinartium i Ålesund i 1931 og vart cand.philol. med norsk hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1937. Emnet for hovudoppgåva var bakgrunnen for Ivar Aasens dikting.



Han vart hallomann i NRK frå 1938, var programsekretær for NRKs kontor i BBC i London 1941–45 og redaksjonssekretær i NRK frå 1946. I 1958 vart han leiar for opplysingsavdelinga i NRK.



Kiran var veldig opptatt av at diktet skulle bli allemannseie, og hevdet at interessen for kultur var rikelig fordelt mellom fant og fut. Hartvig ville at ordet poesi skulle bli avmystifisert, og at musikk og lyrikk var for folk flest.

Denne teksten handlar om heimbyen, Ålesund.



Nykleholmen

(Tekst og melodi: Hartvig Kiran)



Brenner dei ikkje brising meir

på Nyklehoilmen som før?

Eg høyrer om bål så mange stader,

men berre på stranda i sør.



Minnest då ingen Nykleholmen

når jonsokskyminga fell,

der vi rodde ut frå gråbergstranda

nord om det bratte fjell?



Skuggen var lang på stranda vår,

og jamt var morgonen sein.

Men kvelden når sola seig i havet,

då var det på oss ho skein.



Og holmen som oftast låg der liten

og grå i sin fattigmannsfjord,

vart glødande gull når jonsoksola

strålande rann i nord.



Der tura vi jonsok natta lang

og heldt oss eit herrens hus

på wienerbrødskalkar frå Harald bakar

og Breidablikks jordbærbrus.



Mektig som Babel ruvde bålet

og skein over sjø og land.

Vi rodd’ ikkje heim før ljose dagen,

endå låg det og brann.



No ligg han der, holmen, grå og gøymd

av barn i rikare kår.

Det svartnar av bår på søre fjorden,

men ikkje på fjorden vår.



Minnest då ingen, ingen lenger

når jonsokskyminga fell

dei fattigbarns gleder på gråbergstranda

nordom det bratte fjell?

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar