fredag 2. desember 2016

http://hannekrogh.com/en-tanke-gar-sa-stilt-i-kveld/


«En tanke går så stilt i kveld»


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *
*


onsdag 2. november 2016

NY LYRIKKSAMLING I SALG NÅ!

http://www.solumforlag.no/boker/tida-s%C3%B8v-aleine

Tida søv aleine




Forfatter:
Grønskag, Hans Anton
Forlag:
Bokvennen Forlag
Pris:
kr 199,-
Utgivelsesår:
2016
Innbinding:
Innbundet
Sidetall:
80
ISBN:
9788274885929
Språk:
Nynorsk
Originalspråk:
Nynorsk
Omslagsdesigner:
monoceros
Kjøp


Om eg skulle fortelja det heile
ville eg gå til berget

glinsande fjellvegg
fortruleg med under

Der skulle eg rissa inn det som
må seiast i ti tusen år
eller meir

Fåe strekar
ikkje utanomsnakk
berre dette enkle:

vi var her!

Det er det som er
underet

berre det








onsdag 23. desember 2015

FLOMÅL



Sanger:
http://urort.p3.no/#!/Band/FLOML


Det e lysast der lyset kjem frå.

No blir ikkje dagan mørskar.
No vendi sola på ny,
og sendi stråla med håp over oss
som sett bak gardinan i ly.
Det drømmes om sol over lainne,
eitt bål som ska knitter,og gi
varmen tebakers te kropp og sjæl.
Det e håp i ei juleti.

Ref.:
Fer det e lysast der lyset kjæm frå,
sjøl om mykkji stengi ei ti.
Varmen ska stig i kroppan igjen.
Mørskre ska snart ta fri.

No glir det ein båt over loinnan.
Morriln glitri og skin
som tusen stjærna ei julæftas natt,
og sjø'n e blækkstill og fin.
Det drømmes om fesk i garnan,
om pæng som ska knitter og gi
litt ækstra stas te ongan heim.
Her e håp, her e juleti.

Ref.:

Ja vesst e det svart her nordpå,
ja vesst e det kalsli og grått.
Hainn kvin roinnt novva og mæinnesjan ber
fer syndan som dæm ha begått.
Men det drømmes i vinternatta
om lys ifrå løkte og fyr,
om båta som kjæm heim frå have trøgt,
heim med storfangst og æventyr.

Ref.:

Det vaskes og styres te høgti.
Golv ska bli kvitskurt og rein.
Grønnsåplukta ska varsel om jul,
her e granbar og einegrein.
Ja, det drømmes om barne i krybba,
om hyrda og tre vise meinn
som kom frå solrike sagalainn.
Det e drømmen som kjæm igjen.

Ref.:

No blir ikkje dagan mørskar.
Lyse ska komma åt oss.
Som bål ska vi knitter i mørsketi,
den iskalde vind'n te tross.
Fer folk kan gi lys gjennom mørske,
fer folk kan gi ly og rom.
Hjærtan dæm banke,og nævvan slit.
Det e varme det handli om.

Ref.:




  (Tekst:Hans A. Grønskag. Mel.:Magne Romestrand)                            



lørdag 19. september 2015

Lovane som gjeld


Ein mann planta skog
som andre fekk hauste
i rette tid

øksa sto att ein dag
smått om gravferdsord
elles

men  nyland
i krattskog og stein 
gjekk det gjetord om kring borda

tida etter
var mest som song og sull frå store fang
tonar å høyre
sjølv i børsnotert tid

hender bar tømmer
og stein
hender bar mjølk og ungar
hender bar eld som dei spreidde raust
langs mørke strender

fjell var ikkje aude –
det lengta og rauta
når skuggen kraup opp
bratte lier

havskodda steig
og fjellet drakk

ein mann kunne planta
der landskapet
ga han lov
og han kjente lovene
godt

sjølv om dei brytast,


fredag 21. august 2015

Insekt og innsikt

Mange vart drepne i
aviser
klegg – fluger og kveps vart drepne
med aviser – samanrulla og med heimleg
harme og husbråk i slaga

alderen verkar på mange vis
jakt på flygane mål krev god balanse
hørsel og syn er vel svekka
men i det siste har eg lagt merke til
at eg ber dei ut i det fri
kanskje kviskrar eg:
sjå her skal de vera
så – så
finn no litt honning eller anna
godsaker
flyg heim til god-stolen
og samle ungane kring
dykk
fortel om veggen
som såg ut som luft
men som var hard som is
dans det så alle kan forstå

artsfrendar
skal summe om dykk
som om de vore
Djengis Khan
i slektsledd

og i  respektfull undring 

torsdag 20. august 2015

Husdyr

Litago (sidet trønder og nordlandsfe)
Dagros ( telemarksfe)
Blakken (fjordhest)
Svarten (dalahest)
grå trøndersau og spælsau
står langt borte i biletet
gulna men dokumentert
har levt
beintråkka liv gjennom utmark
og eng
nøysame og godlynte
fann næring i lyng
og starr

bygde landet